Skip to content

Liastølen Mystery Cache

Hidden : 8/19/2021
Difficulty:
4 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Liastølen

Den varsame starten på turismen på Beitostølen var den gongen Ola Bjelbøle kjøpte vegbrakka som var sett opp på 1890-talet. Etter lang debatt vart vegen bygd forbi Beitostølen til Bygdin. Meir reiselivsutbygging vart det ikkje før kjøpmann Ola Jøranli kjøpte hotellet i 1935. Han såg også at det kunne svare seg med hytteutleige og bygde 3 - 4 nye utleigehytter. I tillegg til dei nye hyttene, fekk han tak i det gamle selet på Liastølen og flytte det til ein utkant av hotelltomta. I daglegtale vart det selet kalla «Gamlehytta».

Fleire sumrar på 1950-talet leigde ein familie frå Gjøvik denne hytta. Småguten vi kalla «Gamlehytte-Per», vart ein god leikekamerat.

Omkring 1970 kom kom det matvarebutikk på deler av tomta til det gamle selet. Det er no møbelforretning.

Gamlehytta vart ståande heilt inntil ei høg fylling og grodde inn i bjørkekratt. Men meir borte var det gamle selet likevel ikkje, enn at kulturvernaren og museumsvenen Magnus Sandberg fann det att. Året 2000 kjøpte han det. Han leigde ei tomt nedanfor Bekkelundstølen og der vart selet sett opp. Seinare har det vorte ein heil gamalstøl på tomta.

Kvar sumar er det kulturprogram om laurdagane og omkring på stølsjordet har det vorte ein heil fjellhage.

Opphavleg hadde selet tak av never og torv. No er det plast og torv på alle hyttetak. Sandberg valde å bruke selet og museumsstølen til å vise fram den rike skifertradisjonen som voks fram i bygda frå 1700-talet.

Selet er ikkje datert, men det kraftige furutømmeret veggene er tømra av, kan ha starta veksten sin her i den varme perioden i seinmellomalderen. Eit liknande sel på Bjellbølsstølen hadde innskore årstalet 1724.

Ta deg tid til å studere selet, anten på staden eller puslespelet før du kan finne cachen omtrent der selet sto den gongen det var del av ein levande støl.

Ta med eigen blyant.

Puslespill

 

Cachen blir vokta av:

 

Additional Hints (Decrypt)

Owøex

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)