Skinansfjellet vindkraftverk er del av vindkraftverka i Bjerkreim Søndre klynge, og ligg mellom Matningsdal, Hagavatn og Homsevatn.
Du kan koma inn til vindkraftverket og friluftsområdet frå vest ved Åmot, rett nord for Matningsdal. Ved garden på Åmot er det parkeringsplass for ca. 20 bilar. På parkeringsplassen er det ei sittegruppe der du kan gjera deg klar til tur, informasjonsskilt og låsbare sykkelstativ.
Terrenget i området er småkupert, med fjell i dagen og låg vegetasjon. På toppane får du flott utsikt utover mot jærkysten. I heile området er det kystlynghei med mange små vatn og tjern. Sommarstid kan du finna klokksøte, sjå rovfuglar og kanskje til og med hjort.
Langs vindkraftvegen frå Åmot, her litt innføre Perafjedlet, har utbyggingsselskapet opparbeida eit fint utsiktspunkt.
Herfrå kan du sjå til Synesvarden i nord, utover sjøen i vest, og til Bjørndalsniba i sør.
Her er det og ein liten rasteplass, der små og store kan finna livd for vinden og ta ein pause på veg mot varden på Skinansfjellet
Bjerkreim Søndre klynge omfattar tre delområde:
Eikeland-Steinsland, Skinansfjellet og Gravdal vindkraftverker. Skinansfjellet er den delen av vindkraftverket som ligg i Hå kommune.
Kraftverket inneheld 70 vindturbinar, 18 av desse ligg i Hå kommune/Skinansfjellet.