Gamle Heie skule sto ferdig til bruk 1 1886. I Hovin kommune var det hele sju skolekrinsar. Heie skulekrins var ein av dei største i utstrekningen. Bygningen er like ved den gamle vegen fra Kongsberg ved garden Omdalen.
Tidlig på 1900-tallet bodde det folk på godt og vel 30 gårdsbruk og boplasser her på Heie. Ungene fra dei gardene som låg i Tinn gjekk også på denne skule, og Tinn kommune betalte ei årleg avgift for dette til Hovin skulekasse. Nokre av elevane i denne skulekrinsen hadde ei lang og bratt skuleveg på berre gangstiar, for eksempel de som budde på gardane Lauviken, Hylland og Fagerberg. Elevene gikk inntil 2 timer en vei får å komme seg til skulen.
Skulebygningen er svært lik dei andre skulane som blei bygde på 1880- og 90 talet. Det er ett klasserom, kjøkken og ett rom som læreren kunne bu i dersom det var aktuelt. I uthuset finst ein utedo som kan brukast også i dag. Lærarene her på Heie skule hadde også undervisning på skule i Urdalsgrend mellom 1892 og 1906, deretter til sentraliseringen i 1958 deler Heie skule og Rudsgrend skule ei lærer skiftevis fem veker i gongen.
Skulen vart nedlagd i 1958. Heie skule er i dag skulemuseum.
Kilde: Skilt ved Gamle Heie skule
Ansvar for tilsyn og vedlikehald har Tinn Museum/Norsk Industriarbeidermuseum
Adkomst: Ta av fylkesvei 364 skiltet Gml. skule