Cachen ligg på dei oppgitte koordinata, men for å logge denne cachen, må du ha oppfylt krava nedanfor.
CITO er ein fin cachetype, tykkjer vi. Ein kan kombinere frisk luft, hyggeleg drøs, mosjon og smilefjes på kartet med å gjere ein god innsats for at naturen i lokalmiljøet skal bli finare å sjå på, og ikkje minst tryggare å ferdast i for dyr, fugl og fisk. For at fleire skal få med seg gleda og nytta med denne typen event, legg vi ut endå ein challenge, som ei gulrot til dei som deltek igjen og igjen på rydding langs strender, i skogar, i byggjefelt og på øyar.
For å logge denne challenge-cachen, må du ha delteke på minst 80 CITO-event. Kva for år du deltok på eventa, og kor eventa vart arrangerte, speler inga rolle.