Skip to content

Jelsavågen Traditional Cache

Hidden : 2/10/2013
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Jelsa er ein liten strandstad som ligg ved Jelsafjorden i Suldal kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Det er no om lag 250 innbyggjarar, og her finst barne- og ungdomsskule, barnehage, daglegvarebutikk, bensinstasjon, bu- og omsorgssenter og eit steinknuseri. Tidlegare var det og ein tønnefabrikk her men denne blei lagt ned vinteren 2009. Kvar sommar strøymer det folk til for å feriere i sommarhus, hytter eller båt på Jelsa.

I seglskutene si stordomstid på slutten av 1600-talet var Jelsa ein langt meir sentral stad. Dette vesle neset var då ein naturleg stoppestad for båtar som skulle innover i fjordane og ut att. På 1700-talet vart det bygd dampskipskai på Bjergsted, der det òg etterkvart kom gjestgjeveri og bakeri. Handverkarane budde tett i tett i små kvite hus på Noresjøen, og vart kalla strandsitjarar fordi dei reiste frå strand til strand i Ryfylke for å få arbeid. I 1775 opna ei rik dame med namn Marcille Riiberg ein skule for strandsitjarbarna på Noresjøen. Det skulle også vere ein gratis lærarskule som skulle gi utdanning som omgangsskulelærar for to ungdommar kvart andre år. Marcille Riiberg var allereie eigar av Jelsa kyrkje, og ville sette arva si i eit fond som skulle drive skulen og halde kyrkja ved like. Det fondet vart kalla Den Riibergske Stiftelse, og framleis er kyrkja i privat eige under ho. Skulen er no gjort om til museum med omvisning kvar laurdag og søndag i sommarmånadene. (Wikipedia) Innhold: Loggbok, blyantspisser, blyant, ftf-pin.

Additional Hints (Decrypt)

Uirz gbx fgeøzzra? / Jub gbbx gur cbjre?

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)