"Keiseren" Traditional Geocache
Makuta Teridax: På grunn av manglende tilbakemelding, er denne cacheoppføringen arkivert.
More
-
Difficulty:
-
-
Terrain:
-
Size:  (micro)
Related Web Page
Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions
in our disclaimer.
Rekstensamlingene
Rekstensamlingene er et unikt galleri og kultursenter som ligger
like ved kongens bolig Gamlehaugen på Fjøsanger/Paradis i Bergen.
Samlingene ble bygget i 1960-årene av skipsreder Hilmar Reksten som
var Festspillene i Bergen sin første styreformann. Samlingen
inneholder bl.a. Nord-Europas flotteste samling av persiske tepper.
Hilmar Reksten
Hilmar Reksten (1897 – 1980) var ein av dei mest markante
skikkelsane i norsk næringsliv på 1900-talet. Allereie i 1929
etablerte han seg som skipsreiar, som var starten på ein mildt sagt
turbulent og innhaldsrik karriere.
Dei første åra kjøpte bergensaren utelukkande eldre kullfyrte skip.
Han klarte å lose selskapet meir eller mindre heilskinna gjennom
børskrakket i 1929 og sakte men sikkert bygde den unge reiaren opp
det som til slutt skulle bli eit forretningsimperium langt ut over
landegrensene.
I 1938 fekk han det første nye skipet i reiarlagets eige til kai,
det oljefyrte D/S «Octavian» som vart bygt ved Akers mekaniske
verksted i Oslo. Seinare same år kjøpte han nok eit nytt skip, D/S
«Julian» levert av Fredrikstad mekaniske verksted.
Med desse nykontraheringane hadde Reksten opparbeida seg ein god
kredittverdighet hos bankane. Når oljeforbruket samtidig berre
peikte oppover låg alt til rette for Hilmar Reksten sitt
reiarlag.
Året etter, i 1939, hadde han ein flåte på til saman seks skip som
alle var operative. Reksten var då den 13. største skipsreiaren i
Bergen.
Etter krigens slutt dro han tilbake til Bergen for å bygge opp
igjen reiarlaget. Men det skulle fort vise seg at myndigheitene
hadde andre prioriteringar enn skipsfart, og det vart svært
krevjande for bergensaren å få bygt nye båtar. Men med to skip i
flåten, og eit skip på veg frå Sverige var optimismen likevel stor
i reiarlaget allereie ved utgangen av 1945.
Dei neste åra fortsatte Reksten å utvide flåten. Samtidig viste han
seg som ein risikovillig investor. Til dømes gjekk han ikkje inn
for langsiktige fraktavtaler men satsa i staden på spotmarknaden.
Det innebar at han leigte ut fartøya til kortare oppdrag, og kunne
presse opp prisen i gode tider. Han meinte at han kunne tene så
godt i oppgangstidene at han med god margin ville klare å dekke
tapet ved lågkonjunktur. Denne formen for aktiv skipsmekling førte
til at Reksten i 1955 var den 5. største skipsreiaren i Vestlandets
hovudstad.
Då Suezkanalen vart stengt under seksdagarskrigen i 1967 steig
etterspørselen etter oljetankarar dramatisk, og reiarlaga kunne på
kort tid femdoble inntektene sine for å frakte råolje. Reksten
hadde heile sin tankflåte liggjande i Persiabukta klar for nye
oppdrag, og kom mange av sine konkurrentar i forkjøpet. På denne
tida starta fleire av dei store reiarlaga å bygge supertankarar, og
Reksten ville vere blant dei. Han tinga derfor fem tankskip, kvar
med ein lastekapasitet på 220.000 dødvekttonn (dvt) av Aker Stord.
I 1968 tinga han ytterlegare to skip på 280.000 dvt kvar. Året
etter vart den første av Reksten sine supertankarar, T/T «Kong
Haakon VII» levert frå Aker Stord.
Hilmar Reksten var også interessert i å bygge større skipsverft her
til lands, mellom anna på Hanøytangen ved Bergen, kor han såg føre
seg å skape arbeidsplassar for så mange som 2.600 tilsette. Men i
1971 snudde marknaden. Grunnlaget for vekst i oljefrakten fall vekk
etter kutt i oljeproduksjonen og politisk uro i Midt-Austen.
Reksten hadde då fem supertankarar i sin flåte, og måtte leggje
samtlege i opplag. Prislappen på desse skipa var på svimlande 685
millionar kroner. I tillegg hadde reiarlaget sju bestillingar på
skip hos Aker for til saman 1,4 milliardar kroner, og Reksten måtte
selje to av supertankarane for å dekkje avdraga. Året etter gjekk
Reksten inn for å utvide storleiken på to av skipa han hadde tinga
av Aker, frå 350.000 dvt til 495.000 som han meinte var nødvendig
for å halde tritt med konkurrentane. Aker, som på sin side frykta
eit konkurrerande verft på Hanøytangen, sa seg villig til å ta på
seg oppdraget. Det danna grunnlaget for ein ny og større dokk på
Aker Stord.
I 1973 innførte OPEC-landa oljeboikott av USA. På kort tid vart
oljeprisen dobla, og behovet for å frakte det sorte gullet med
supertankarar smuldra opp. Inntektstapet for det bergenske
reiarlaget vart enormt og Reksten fekk store problem med å betale
ned gjelda. No hadde han også staten på nakken, etter at Stortinget
hadde gått med på å stille som garantist for Akers lån til Reksten.
Han hadde då bestilt fire tankarar for 430 millionar kroner kvar,
og klarte berre å dekke første avdrag på 86 millionar kroner. Då
kreditorane igjen banka på døra i 1974 kunne ikkje Reksten gjere
opp for seg, og saka enda til slutt opp i voldgiftretten.
Kjennelsen var eit knusande nederlag for Hilmar Reksten.
Voldgiftdomstolen slo fast at reiarlaget måtte betale Aker 320
millionar kroner i kanselleringsavgifter, noko som i realiteten var
byrjinga på slutten for Hilmar Reksten sitt virke som skipsreiar.
For no kasta kreditorane, blant dei den norske stat, seg inn i
kampen om å sikre seg det som stod igjen av verdiar i selskapet.
Den mangeårige jakten på Hilmar Reksten sin skjulte formue i
utlandet kunne begynne.
Kilde: NRK/Wikipedia
Additional Hints
(No hints available.)