Skip to content

Skorpa 1: Nausen Traditional Cache

Hidden : 10/22/2012
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
2 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Den fyrste i forhåpentlegvis ei lang rekkje cachar på Skorpa. Dette er mi favorittutsikt, og sjølvsagt den naturlege gøymestaden for min aller fyrste cache! Her ser ein Svinøya, Stadt og alle øyane innanfor samt Sunnmørsalpane. Ein fin stad for ein lett gåtur, gjerne med familien. Båt er nødvendig for å kome seg hit. Ein kan leggje til ved havna, men ver forsiktig, det er mykje skjær i området! Roleg sjø, lite vind og flo er anbefalt!

Cachen er ein ståltermos (valgt pga det harde klimaet om vinteren) som ved utlegging inneheldt logg, blyant, FTF-sertifikat og FTF-pin. Oppsøk gjerne oppgitt utsiktspunkt, for utsikta er det beste med denne plassen. Cachen måtte likevel plasserast i steinura litt lenger inne mot nord, både fordi det kan vere mykje "trafikk" på stien til utsikta og på grunn av det harde vinterveiret. Enklaste måten å kome seg til cachen er å fylgje den klipte "vegen" forbi det øvste huset og så fylgje stien vidare mot utsiktspunktet (wiewpoint). Derifrå må du trakke beint over marka mot cachen. Alternativt kan du fylgje gps-en rett på men det er noko meir ulendt.

Høgda "Nausen" høyrer til garden Leitet, gard nr 1 og bruksnummer 1 i Herøy kommune. Fram til på 80-talet stod restane av det gamle trehuset og løda på murane ein kan sjå på vegen opp. Nedanfor bakken i retning sørvest ser ein Okstavika. Der stod det ein godt over hundre år gamal steingard fram til jula 2011, då stormen Dagmar jamna den med jorda. Tidlegare brukte losane å stå på denne høgda og speide etter båtar. Ved fleire høve har båtar sunke ved Skorpa. No er alle gardane på øya fråflytta, men i sommarhalvåret vert dei nytta til feriebustader og Nausen er gjerne målet for ein roleg kveldstur eller ein søndagstur for besøkande.


English: This is the first in a hopefully long line of caches on the island of Skorpa. Being my favorite view, it was the natural place for my first cache. From here you can see the island of Svinøya (with a lighthouse), Stadt (the westernmost point in Norway) and the mountain rigde "the Alps of Sunnmore". A nice walk in beautiful surroundings, suitable for the whole family. A boat is required to get here. You can land at the pier, but be careful, there are many reefs around the island. Calm ocean and high tide is recommended!

Because of the harsh climate this cache is a steel thermos. It contains log book, pencil and FTF-sertificat. The point is not the cache itself but the view, but because of frequent muggler activity and winterstorms the cache is placed among the rocks to the north of the viewpoint.

Additional Hints (Decrypt)

Haqre rvg oretbireurat, aæe fgnegra cå rva fgrvatneq. Haqre rva syng fgrva, v rv bcavat zryybz gb fgber fgrvane. Haqre n fgrrc pyvss, pybfr gb n fgbar jnyy. Haqre n syng fgbar, orgjrra obhyqref.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)